Fredag 3. mars er det på dagen 20 år sidan konkursen til Odda Smelteverk var eit faktum. Mykje har skjedd sidan den gong, og mykje utvikling ligg føre oss.
Her følgjer 20 tilbakeblikk på dei siste 20 åra.
3. mars 2003
3. mars 2003 Hardanger tingrett konkurs for Odda Smelteverk, etter at styret i Odda Smelteverk måtte ta den tunge avgjerda om å begjære opphør. Det skjedde etter at den amerikanske eigaren Phillip Brothers hadde sagt nei til å gå inn med ytterlegare midlar i selskapet. Omlag 70 tilsette mistar jobben. Kort tid etter vert det innført mellombels byggje- og deleforbod.
1. MAI 2004
1. mai 2004 er det premiere på «Bikubesong» i Lindehuset. Frode Grytten sitt teaterstykke vert spelt 10 gonger i løpet av ein månad i regi av Det Norske Teater. Ein ivrig dugnadsgjeng hadde brukt mange timar på å rydde og klargjere bygget, som med dette fekk sin nye bruk som kulturbygg.
16. DESEMBER 2004
13. OKTOBER 2005
var det duka for det aller første Litteratursymposiet i Odda. Festivalen kom til som eit svar på dei mange Oddaforfattarane som hadde hatt nasjonale gjennombrot. Symposiet har blitt arrangert kvart år sidan, og har i alle år nytta bygg på Smelteverkstomta som arena.
17. NOVEMBER 2006
10. SEPTEMBER 2007
31. MARS 2011
kunngjorde riksantikvar Jørn Holme at store deler av Odda Smelteverk vart freda som industrielt kulturminne. Fredningsvedtaket omfattar freding av m.a. cyanamidfabrikken, taubanen, Lindehuset og kalksteinsiloen på importkaia. Fredningsomfanget skal saman med Tyssedal kraftanlegg gje eit heilskapsbilete av industrieventyret som såg dagens lys i det førre århundre.
12. OKTOBER 2011
10. APRIL 2012
10. april 2012 starta rivinga av kokstørkene. 25. juli kl. 14.30 vart fundamentet til dei to Wärmestelleovnene sprengd vekk. Video: Dag Endre Opedal
8. JUNI 2013
vart det arrangert folkefest under Skalltaket i samband med 100-årsjubileet for Odda kommune. Råstofflageret er ein open betongkonstruksjon, og med sine 4875 m2 eit landemerke for norsk ingeniørkunst. I forkant av festen var det gjennomført renovering av tak, takrenner, betong og betonggolv. Utbyggjarar har no opsjon på Skalltaket, som er tenkt brukt til pendelbane, hotell, restaurant, klatrehall, drivhus m.m.
Foto: Faksimile HF
12. NOVEMBER 2013
12. november 2013 vart Industriarkivet SINDARK offisielt opna. Bygget, som opprinneleg var transformator- og fordelingsstasjon frå 1908, var då restaurert av Høyer Odda til arkivføremål. I bygget er det klimastyrte magasin, mottaksrom, møterom og arbeidsplassar for ordning av industriarkiv. SINDARK vert drifta av Kraftmuseet.
Foto: Helene O. Lillebø
28. - 29. OKTOBER 2014
tok storflaumen i Opo fem bustadhus og gjorde stor skade på infrastrukturen i Odda sentrum. Til alt hell mista ingen livet. 75 innbyggarar vart evakuerte. I gjenoppbygginga vart det etablert elvepromende langs Smelteverkstomta. Denne vart opna 21. juni 2018.
28. SEPTEMBER 2016
vedtok Odda kommunestyre ny reguleringsplan for Smelteverkstomta - Sentrum med utgangspunkt i mulighetsstudie finansiert av Riksantikvaren. Reguleringsplanen er eit kompromiss mellom ei rekkje ulike aktørar/partar og balanserer fredning med utbygging. Planen har eit gjennomgåande fokus på å knyte smelteverket saman med sentrum.
18. NOVEMBER 2021
16. august 2022
11. NOVEMBER 2022
11. november 2022 får Utvik As bruksløyve på dei første bustadane som er bygd på Smelteverket. Prosjektet ligg mellom gågata og råcyanamidsiloen og er det første av tre byggetrinn på omlag 35 bustadeiningar.
Med det er enno ein viktig milepæl nådd: Det bur folk på tomta!