Loading

Musikaltalentet frå Eid tekst Av Sunniva Emilie Halse

Tuva drøymer om å kunne vise at det går an å kome frå ein liten plass som Eid, og å likevel få til noko stort.

Tuva Nyhammer-Taklo er 18 år og kjem i frå Nordfjordeid. I år har ho vore med på sin andre og siste musikal ved Volda Vidaregåande der ho har både dansa solo, sunge solo, og hatt ei rolle med replikkar. Ho har dansa sidan ho var 7 år gammal og har alltid elska alt som har med musikk, dans, opera og musikalar å gjere.

Kva var det som fekk deg til å starte med dans?

“Det er eigentleg ei litt morosam historie”, ler ho.

- Når eg gjekk i barnehage i Bergen hadde vi ei sånn hemmelig boks der ein trakk ut noko, og ein dag var det min tur å trekke og då trakk eg ut eit par tåspissko.

Interessa for dans starta allereie då, og utvikla seg skikkeleg då ho flytta til Nordfjordeid når ho var ca 6 år. Den første større forestillinga ho var del i var Opera Nordfjord si oppsetting av Nøtteknekkaren. Ho har dreve med mange andre fritidsaktivitetar men det var dansen og musikken som satt seg, og ho beskriv dansen som ein fristad.

Tuva, 7 år. Foto: privat

I tillegg til dans og musikk, er Tuva også glad i å strikke og har ein eigen strikkekonto på Instagram. Ho likar òg å lese og å trene, og ho har koreografijobbar og er danselærar av og til.

Bilete frå Tuva sin strikkekonto. @knitsbytuva

Musikalen 2023

Korleis vert timeplanen og vekene fram mot musikalen?

- Den blir full, og hektisk, og travel, men veldig gøy. Du er jo med musikkfolk og klassa og vennar 24/7 så det er eigentleg berre veldig veldig kjekt.
Tuva syng Angel of Music i årets musikal, Somebody to Love. Foto: Magnus Lindner

Rolla til Tuva heiter Kristin og er student. Ho har alltid trudd at faren hennar ikkje levde, men plutseleg finn ho ut at han lev likevel. Karakteren får ei konflikt og veit ikkje heilt korleis ho skal handtere dette, og vil prøve å finne han, og musikalen følger rolla hennar, blant andre, gjennom tankane og følelsane dette vekker.

Rolla Kristin og faren leitar etter kvarandre. Foto: Magnus Lindner

Tuva søkte først på ei danselinje, men kom ikkje inn. Derfor søkte ho på musikklinja i Volda. Ho kjende folk som gjekk i Volda og hadde høyrt mykje bra om miljøet på skulen og prosjektet rundt musikalen. I tillegg hadde ho lyst å kome seg litt vekk i frå Eid og miljøet der, og ho tenkte at det var ei fin moglegheit for å utvikle seg sangmessig.

Tuva på jazztrening.

I tillegg til å ha dreve med sang og dans sidan ho var lita, var Tuva med på musikalen i fjor. Det synest ho var veldig kjekt.

- Eg fekk både danse solo, vere med i koret og ei lita korgruppe som fekk gjere litt ekstra, pluss at eg hadde ei lita solo-overstemme på siste låta i heile musikalen. Så eg fekk gjere litt av kvart, noko som passar meg rett i blinken!

Tuva har søkt drømmestipendet 2023, og draumen hennar er per no å kunne leve av kultur og musikk.

- Gjerne klassisk opera, å kunne gjere sopranrolle og kunne gjere det kvar dag.

Drømmestipendet er ei stipendordning i samarbeid med norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping der formålet er å synleggjere kommunane sitt arbeid for barn og unge som driv med kulturutøvelse.

Tuva sin draum er å studere vidare musikk, og å vise at det går an å kome frå ein liten plass som Eid, og å likevel kunne få til noko stort.