Loading

Hoggestabbe med støtte & bein

Denne hoggestabben med «nakke» er særleg nyttig når ein skal bruke øks til å formgjeve. hogge ut eit godt emne til ei sleiv eller bolle etc. Den er også god som støtte dersom ein skal kløyve mindre bitar.

Beina hjelp til med å gjere stabben i konfortabel høgde. (Og ikkje fullt så tung som dersom stabben var endå høgare)

Denne stabben er ca. 60 cm lang. Den kan gjerne vere 20 cm stuttare dersom du vil ha ein lettare stabbe. Diameteren er her 23 cm. Materiale: furu (eit hardført treslag)

Ei bogesag er fin å ha. Ein sagar til eit stykke forbi midten og kløyver vekk med øks/ sprekkjern og klubbe
Deretter kløyver ein ut. Her er det saga og kløyvd i fleire omgangar. Ein kan bruke øks når ein kløyver. Her er det bruka eit sprekkjern.

Sånn! Denne blir fin. Det er ca. 6 cm på den tjukkaste delen av nakken. Det er heller ingen fasit på kor høg den må vere, berre at ein ikkje bør stå med heva skuldre når ein brukar den. Det er betre å bøyge seg litt i knea enn for høg stabbe. Det er berre å prøve seg fram.

Tre bein, her i bjørk. Tre bein er meir stabilt enn fire. Desse treng ikkje vere ferske.

Ein justerar lengda ifht brukaren av stabben si høgde.

Ein navar er super! Denne er kjøpt på ein bruktmarknad, sjekk at midtskruen er i bra stand og fil/ slipp opp.

Når ein skal borre er det fint å vere to. Ein til å halde og sjekke at vinklane blir ganske like på alle tre hola. Stabben blir stødig om beina går litt utover.

Når ein har borra inn eit stykke bankar ein inn beina ned klubbe slik at dei sit betre. Treet vil også krympe rundt beina som har eit noko tørrare virke enn den ferske stamma.

Beina kan gjerne ha ein litt tjukkare dm enn dm på holet. Så kan ein tilpasse beina til holet med øks/ kniv e.l.

Den ferske furua vil også kunne krympe inntil dei meir tørre beina slik at dei står fast.

Av dei kløyvde restematerialene kan ein også finne på noko gøy.

Fersk furu
Sponfuglar gjerast tilfeldigvis i fersk furu og ville vere gøy å prøve (kjelde: Stora Slöjdboken av Rut Zechlin/ 1956)
Det er vanskeleg for ei utrena hand, men vert det ikkje litt stilig uansett? Her er delar av Julie Courdes sitt fyrste forsøk.
Høyr med ei sag nær deg. Ofte sagar dei i furu.

Korleis får ein tak på materiale? Her vart ein lokal sag spurd. Dei hadde nokre høvelege stabbar som det berre var å ta. Kanskje er det nokon som hogg ved eller vegarbeidarar som hogg langs vegen? Sjekk om det finnast hagegartnarar i nærleiken. Dei får gjerne i oppdrag å hogge tre som ofte flisast opp uansett.

sjekk ut husflid.no for fleire oppskrifter og tips
Created By
Evelyn Utigard
Appreciate

Credits:

Laga med god hjelp av Julie Courdes, For Rundt Bålet, Norges Husflidslag