Tekst og Foto: Noah Fiskaa
Isak er halvt trønder og halvt ørsting, født i Bærum og oppvaksen i Ørsta. No går han tredjeåret på Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule.
- Det beste med å gå Medium og kommunikasjon er at det er mykje variert arbeid, du sitt ikkje stille på skulebenken og skriv heile dagen. Det er også mange praktiske oppdrag, du får gå ut å ta bilete, du får lage film, du får prøve deg på reklame og mykje anna rart, fortel Isak.
Musikalen i år blir den andre han er med på, og i år har han fått i oppdrag å styre dei digitale kulissene. Han trur det vil bli gøy, sjølv om det også blir utfordrande.
- Det kan bli veldig utfordrande med tanke på timinga på alt. Og så må eg lære meg alle dei forskjellige knappane. Men det blir veldig gøy å sjå kulissene under musikalen.
Isak styrte mixen for fleirkamera-produksjonen på fjor-årets musikal. Dette er ei filmatisering av musikalen. Det blir filma i salen frå 4 kamera i ulike vinklar, som blir mixa saman live frå bakrommet mens musikalen foregår. Denne filmen gjer at musikkelevane får sjå resultatet av det dei har framført.
- Det var ganske kjekt for eg følte eg fekk det til ganske bra. Iallefall etter kvart når vi fikk gå gjennom musikalen fleire gongar.
Tidleg medieinteresse
Det var i 9. klasse at Isak fann ut at han ville velje medielinja, men interessa for mediefag dukka opp lenge før det. Då han gjekk på barneskulen laga han stop-motion-animasjon med leikene sine.
- Eg teipa sammen A4-ark for å lage ein kvit bakgrunn, så tok eg små animasjonsdukker og Minecraft-leiker for å ta mange stillbilde av at dei gjorde små bevegelsar. Til slutt klipte eg saman stillbilda, la til voice-over og lydeffektar, fortel Isak.
Kva råd vil du gi til ungdomar som skal velje studieretning på vidaregåande?
- Eg vil anbefale medielinja for dei som har interesse for noko som helst innanfor mediefag, som til dømes bilete- eller videoredigering. Det er også kjekt at du får studiekompetanse på ein meir praktisk og kreativ måte enn viss du hadde gått studiespesialisering.
Isak likar også å lage musikk, og vurderte å søke musikklinja. Ein av grunnane til at han søkte medielinja var at han trudde han måtte ha mykje erfaring for å gå musikklinja.
- Så ville eg få meir kompetanse innanfor bilete- og videoredigering, spesielt VFX (Visual Effects), legg han til.
Når Isak ikkje jobbar med media, så jobbar han på bunnpris: Han trenar også på Aktiv Trening, og han tilbringer tid med kjærasten sin Edina som går på skule i Ørsta.
Framtida
Forbildet til Isak er ein youtubar som er veldig kjent innanfor photoshop-verdenen. Han hentar også inspirasjon frå store filmskapar-studio.
- Forbildet mitt er ein youtubar som heitar Benny Productions, eg har henta mykje inspirasjon frå han. Eg likar også veldig godt filmane til store studio som Marvel og DC, det hadde vore veldig kjekt å jobbe for eit desse ein dag.
Etter vidaregåande har han lyst til å prøve seg i militæret. Viss han ikkje slepp inn der er planen å ta eit friår og jobbe. Som karriere har han lyst å jobbe meir med VFX (Visual Effects).
- Musikalen er eit veldig stort prosjekt, som eg er stolt av å vere med på. Eg håper de sikrar dykk billett, det er noko heilt spesielt!