View Static Version
Loading

Den norske bunaden Et formidlingsopplegg laget av Norges Husflidslag, Instituttet for bunad og folkedrakt, Norsk folkedraktforum, Studieforbundet kultur og tradisjon og Noregs Ungdomslag med støtte fra Sparebankstiftelsen DnB.

- Er det greitt med joggesko til bunad?

- Er det lov med hijab til bunaden?

- Kva er det som er så spesielt med bunadbruk i Noreg?

Desse spørsmåla inngår i eit ferskt formidlingsopplegg laga for elevar i grunnskulen og vidaregåande skule. Noregs Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon har saman utvikla eit variert undervisningsmateriale som inkluderer fagkunnskap, refleksjon og praktisk, skapande arbeid. Arbeidet er gjort med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.

Vi synest det er stas å løfta fram desse ressursane og håper mange tar dei i bruk!

Foto: Hedvig Ølheim

Bunaden på UNESCO-lista

"Kulturarv er meir enn bygningar og monument. Språk, utøvande kunst, dans, sosiale skikkar, ritual, tradisjonelt handverk og praktiske evner knytt til naturen er òg ein del av den kulturelle arven vår", les vi på nettsida bunadbruk.no.

I fleire år har dei fem organisasjonane arbeidd saman for å nominera den alminnelege og folkelege bunadbruken i Noreg til UNESCO si representativ liste over vår immaterielle kulturarv. 

Foto: Åsne Sørlie-Nordnes

Den samiske drakta

Om den samiske drakten skriv dei fem samarbeidsorganisasjonane:

"I Noreg har vi òg ei stor samisk befolkning med eigne, ubrutte drakt-, og handverkstradisjonar. Den samiske koftebruken er ikkje ein del av arbeidet med å nominera bunadbruken i Noreg, då forhold knytte til denne drakttradisjonen blir varetatt av dei samiske miljøa sjølv. I tillegg strekker den samiske drakttradisjonen og miljøa seg utover landegrensene. Det kan vera aktuelt å vurdera ein eigen nominasjonssøknad for den samiske tradisjonen, og dette er i så fall noko vi gjerne oppmuntrar til".

Foto: Sametinget

Undervisningsopplegg 9-12 år

"Ein viktig del av bunadbruken i Noreg er formidling av kunnskap", skriv samarbeidsorganisasjonane på nettsida bunadbruk.no

Og vidare: "Kunnskap om bunad og bunadtilvirking har vorte overført frå generasjon til generasjon. I dag er det ikkje like vanleg å sy sin eigen bunad eller at nokon i familien gjer det. Det er færre bunadtilvirkere i landet enn tidlegare og kunnskapen står i fare, då unge ikkje får den naturlege kunnskapsoverføringa som tidlegare generasjonar har fått".

For aldersgruppa 9-12 år er det utvikla eit hefte med lette tekstar om bunad, UNESCO og immateriellkulturarv. Heftet inneheld også steg-for-steg oppskrifter med gode illustrasjonsbilde. Det er oppskrifter på nøkkelring og armband laget i hosebåndteknikk og grindvevde band. Fotoet til høgre viser grindvevde band i bomull og ull.

Foto: Elin Gilde Garvin

For ungdomsskule og vgs.

For ungdomsskule og videregåande skule består udervisningsopplegget av

  • ei lærarrettleiing
  • ein powerpointpresentasjon
  • eit oppskriftshefte
  • artiklar
  • ressursarket “Min bunadhistorie”.

Dei ulike delelementa er tilpassa det nye læreplanverket. For elevar i ungdomsskulen er kjerneelementa handverksferdigheter, kunst og designprosessar og kulturforståing særleg aktuelle.

For elevar på Vg1 Håndverk, design og produktutvikling er kjerneelementa handverk og materiale, og dessutan kulturarv og nyskaping, sentrale i denne samanhengen.

Foto: Anne Marte Før

Bunadtilvirker som yrke

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa støttar Noregs Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon i arbeidet med å med å spreia kunnskap om immateriell kulturarv, den norske bunaden og bunadtilvirker faget og yrket.

Foto: Anne Marte Før og Torunn Elise Kveen

NextPrevious