Loading

Ein klode full av plast kva kan kunsten bidra med?

Dystre tal fortel oss at meir enn 8 millionar tonn plast endar opp i havet kvart år. Fortset det slik, kan det i år 2050 bli meir plast i verdshava enn fisk, viser ein ny rapport frå Word Economic Forum.

Foto: Thobias Löfqvist

Kva kan kunsten bidra med for å engasjere elevar i problemstillingar knytt til klima og miljø?

"Kunsten har unike moglegheiter for å setje fokus, kommentere, belyse, røre ved, skape undring og nysgjerrigheit i møte med publikummet sitt. Samtidskunst er i utgangspunktet eit uklart omgrep, men det dreier seg altså om kunst i vår eiga tid. Kunst som ønsker dialog med mottakaren gjennom tema og ulike uttrykk, med problemstillingar som menneske i samtiden oppfattar som interessante", skriv Ole Kristian Herwell, 1.lektor ved Fakultet for kunstfag ved Universitetet i Agder, i artikkelen sin.

Fakultet inviterte, sept- 2018, til samskaping, undring og samtale rundt plastforureining av kloden. Kunstprosjektet folda seg ut på torget i Kristiansand med barn, unge og vaksne som ivrige aktørar.

"Ein jordklode i metall med plass til tusenvis av plastbitar var det som møtte publikum. Ivrige hender, små og store, engasjerte seg i samskapingsprosjektet med ønske om å gi ein kommentar i debatten om plastforureining. På torget i Kristiansand voks det langsamt fram ein tvitydig og vakker skulptur, som gav rom for ettertanke". Slik innleier Herwell sin artikkel "Ein klode full av plast".

Herwell viser mellom anna til Nicolas Bourriaud som seier at kunsten er ein møtetilstand der kunstnaren søker samtalepartnarar. Han beskriv vidare at "bodskapen i samtidskunsten er eit produkt av ein interaksjon mellom kunstnaren og betrakteren". Det er gjennom det relasjonelle forholdet mellom betrakteren og verket at meining blir skapt.

"Kva kan kunsten bidra med for å engasjere elevar i problemstillingar knytt til klima og miljø?", vart stilt som eit innleiande spørsmål. Herwell beskriv sjølve samskapinga, som inkluderer deltakarane sine samtalar, undring og aktive arbeid med materiale, som det viktige i dette kunstprosjektet.

Det fysiske resultatet av prosjektet, sjølve plastkloden, innehar ein tvetydighet, ifølgje forfattaren, og vi spør:

  • Kva kan denne tvitydigheten bestå av?
  • Kva tankar, framsyningar og etiske refleksjonar kan prosjekt som "Ein klode full av plast" generere?
  • Kva moglegheiter for tverrfagleg tenkning kan inngå i denne typen kunstprosjekt?

Heile artikkelen er lagt til som vedlegg i ressursen.