Klasse 1MK1 ved Volda vidaregåande skule var tidleg måndag morgon i full sving rundt omkring på skuleområdet for å lage film i lag med hospitantar frå heile søre Sunnmøre!
Hospitantane var tiandeklassingar frå Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta og Vanylven som til våren skal søkje seg vidare utdanning på vidaregåande skule. Det var litt i overkant av 90 elevar som var på besøk hos linja Medium & Kommunikasjon gjennom dei tre hospiteringsdagane, og desse fekk ein liten smakebit av korleis livet som MK-elev er.
Opplegget som vart lagt opp for hospitantane gjekk ut på at dei skulle få sjansen til å vere med på ein liten filmproduksjon der kvar gruppe fekk lage kvar sin versjon av ein superheltfilm. Gruppene fekk utdelt ein mal som viste til ei enkel handling dei skulle bruke i filmen, og dei fekk også tilgang til andre små hjelpemiddel dei kunne bruke. I tillegg fekk dei lage ein eigen plakat til filmen.
Elev ved Ørsta ungdomsskule, Magne Stokken, hadde gode forventningar til hospiteringsdagen sin ved Medium & Kommunikasjon. Han er interessert i film og foto, men har ikkje mykje erfaring med nokon av delane. Difor var han glad for å vere med på filmproduksjonen.
Etter at gruppene var ferdige med å filme var det inn att igjen i varmen for å sette saman filmen og lage plakat. Dei fekk rundt 2 timar på å klippe og redigere saman produktet deira til ein ferdig film.