Den første dagsturhytta i Rogaland opna i desember 2021. I løpet av 2022 vil alle kommunane i Rogaland få kvar si dagsturhytte.
Randaberg vonar å opne si hytte før skulane sluttar, 22. juni.
Sandnes var først ut av kommunane i Rogaland. Deira dagsturhytta vart opna 16. desember 2021. Seinare har Gjesdal, Eigersund, Bjerkreim, Hå, Klepp, Lund, Vindafjord og Sokndal kommune opna sine hytter.
Randaberg kommune fekk levert si dagsturhytte laurdag 7. mai 2022. Hytta har fått namnet "Vistneshyttå", og ligg vakkert til nede mot sjøen, sørvest for museumsgarden Vistnestunet.
Dagsturhytteprosjektet starta i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Målet med hyttene var å skape ein sosial møteplass og å få fleire ut på tur i sitt nærmiljø.
No har denne ideen blitt vidareført til Rogaland og Randaberg.
Dagsturhytteprosjektet i Rogaland er eit samarbeid mellom kommunane, Sparebankstiftinga SR-Bank, frivillege organisasjonar og Rogaland fylkeskommune.
Atle Skrede, seniorrådgjevar i Vestland fylke og prosjektleiar for dagsturhyttene i Rogaland, fekk ideen til hyttene, som vart ein publikumssuksess.
Suksessen skuldast eit stort engasjement blant alle som har dratt lasset saman, meiner Skrede. I tillegg til fylkeskommunen er det mange involverte partar. Kommunane, som må skaffe tomt og delfinansiere hyttene, grunneigarar, Sparebankstiftinga, som har stått for mykje av finansieringen, og dei frivillige som tar seg av drifta.
Besøkstala er høge. I Vestland fylke har folk reist frå dagsturhytte til dagsturhytte, og på denne måten blitt betre kjend i eige nærområde og eige fylke.
Ein annan suksessfaktor er at hyttene er plassert nær der mennesker bur. Dei er tilgjengelege og døgnopne, har utsikt og vil vere ein møtestad i naturen. Storleiken er cirka 15 kvadratmeter, som rommar nok plass til å spise matpakka, finne ly for regn og le for vind, samt få varme i kroppen.
Monteringsdag - i lufta og på bakken
Lasta under heikopteret var tung, men vart tatt stødig hand om av pilot Tomas Haaland frå Fonnafly Stryn.
Helikopteret som han flyg har kjenneteiknet AS 350, og er til dagleg stasjonert på Fonnafly sin base i Stryn i Vestland fylke.
Arbeidsøkta i Randaberg varte i rundt to timar, inkludert seks tunge løft frå hamna i Mekjarvik, saman med nokre mindre løft frå Vistnestunet like ved.
På bakken stod tømrarane Håvard Prestvik, Jonas Barthel og Trygve Glomsrød fra Stad Kystbygg klar til å montere hytteelementa, etterkvart som dei var lagt til bakken av piloten.
Alle dagsturhyttene har eit felles design, med ei enkel utforming, ei dør og vindauge.
I hytta skal det installerast vedomn og solcellepanel. Solcellene skal produsere straum for lys i tak og batterilagring. Hytta er tilnærma vedlikehaldsfri, den har brent kledning og aluminiumskledde vindauge.
ROJO arkitekter har teikna hytta.
Dagsturhyttene som blir levert i Rogaland har fleire oppgraderingar, etter dei erfaringane og endringane som er gjort tidlegare.
Bibliotek i hytta.
— I tillegg til å vere eit turmål i seg sjølv, bidreg eit bibliotek i hytta til å gje ei turoppleving utanom det vanlege, seier Olav Asbjørn Thorsberg, prosjektleiar for dagsturhytta i Randaberg kommune.
Turbiblioteket er eit samarbeid mellom Rogaland fylkesbibliotek og folkebiblioteket i Randaberg.
Før hytta kan takast i bruk, skal lokale tømrarar ferdigstille den.
— Tømrarane skal legge golv, kledning på yttervegg og trapp, samt montere solcellepanel på taket. Vidare skal det settast inn omn, golvet skal oljast og bøker skal settast inn i hyttebiblioteket, seier Olav Asbjørn Thorsberg.
På utsida av hytta skal det vere plattingar.
I hytta er det også to boder, der veden kan ligge tørr og gje rom til aggregat og batterpipakke for solcellepanelet.
— Vi skal òg sette inn nokre enkle benkar, og kanskje legge ryer på golvet, sidan det no og då kan vere golvkaldt, seier Thorsberg.
Jæren friluftsråd har bygd god grusveg heilt fram til hytta. Både hytta og toalettet skal vere tilrettelagt for rullestolbrukarar.
Vonar på offisiell opning før sommarferien.
Sjølv om prosjektleiaren er usikker på om han kan invitere til offisiell opning av Vistneshyttå før sommarferien, er han klar på at hytta skal takast i bruk med ein gong snekkarane er ferdig med sitt arbeid:
— Datoen for den offisielle opninga av hytta avheng blant anna av framdrifta på det avsluttande snekkararbeidet. Men sjølv om vi ikkje får til ei offisiell markering og opning før skulane tar ferie, skal hytta vere open frå den dag tømrarane er ferdig med sitt oppdrag. Så får vi heller ta ei markering og opning i etterkant. Vi ynskjer at hytta skal bli brukt frå første dag, seier Olav Asbjørn Thorsberg.
Hytta har kosta 1,3 millionar kroner.
Halvparten av denne summen blir dekt av kommunen, den andre halvdelen blir dekt av statlege tippemidlar (475 000 kroner) pluss støtte frå Sparebankstiftelsen SR-Bank (250 000 kroner).
Godt samarbeid internt i kommunen.
I Randaberg har godt lagarbeid gjort at hytta har kome snøgt på plass, to år etter at initiativet kom frå Rogaland fylkeskommune.
Byggeprosjektet starta opp i Randaberg i september 2020. Etter det har det gått slag i slag.
I tillegg til prosjektleiar Olav Asbjørn Thorsberg (frå planeininga), har Reidun Irene Bjordal (frå Kultur), Heidi Høyland Tjelta og Thomas Aase (frå Teknisk drift) vore aktive samarbeidspartar i kommunen.
I starten av prosjektet var også tidlegare kultursjef Anders Jaarvik sentral i å få på plass ei dagsturhytte i den grøne landsbyen.
— Dette hytteprosjektet har vore ei glede å vere med på, frå start til mål. Eg vil påstå at Vistneshyttå ligg på ein av dei flottaste stadane i Randaberg, med vidt utsyn mot havet. Hytta har ei fantastisk plassering. Her kan alle finn roa, det er berre å ta turen og sjå sjølv, avsluttar prosjektleiar Olav Asbjørn Thorsberg, som no vonar å få på plass ein avtale med det nystarta Randaberg Turlag om dagleg tilsyn av hytta.