Loading

Lensmannsstø - Leidangen Nyt naturen i Randaberg.

Forteljingar langs kysten - ei historisk vandring frå Hålandsvatnet til Vistnestunet.

Tingstaden låg på Goa

Her ved Lensmannsstø låg det gamle leidangsnaustet til Goa skipreide. Skipreida var den verdsleg-administrative eininga sidan 900-talet og fram til formannskapslova i 1837. Goa skipreide hadde namn etter garden Goa, der tingstaden låg og omfatta heile Randaberg, Sunde og Revheim i Madla, Hundvåg, Stavanger/Eiganes og Høye, Tasta og Finnastad.

I tunet til Vestre Goa låg tinghaugen til for eit par hundre år sidan: 35 meter lang og fem meter brei, og med ein bautastein i kvart hjørne. Attåt var her fleire andre bautasteinar. Her møttest folk frå heile skipreide når lovar skulle lesast og dommar seiast.

Då kristendommen kom, blei Goa også ein religiøs samlingsstad markert med ein høg steinkross. Til liks med på Viste og Randberg residerte det stormenn her i mellomalderen. Slik sett låg Stavanger i tidleg mellomalder under Goa. Funn viser elles at garden har vore sentral heilt sidan bronsealderen.

Slik ser området ut i dag, der leidangnaustet for Goa skipereide låg.

Eit skipreide var eit område med oppgåve å rusta ut eit skip når det var leidang.

Til innpå 1800-talet låg det ei svær nausttuft ved Lensmannsstø, etter tradisjonen leidangsnaustet for Goa skipreide. Tufta kan ha vore kring 25 meter lang og romma altså skipreideskipet. Det var normalt 22 meter langt, ei såkalla tjuesesse for 40 roarar.

I sjøkanten på Avaldsnes mot sør finn du eit skipsnaust som er ein rekonstruksjon av eit naust funne på Rennesøy. Det er ca 32 m langt og 15 m bredt på det vidaste og 7.5 m høgt på det høgaste. Dette kan i si tid ha vore eit leidangsnaust. (Foto: Karmøy Kulturopplevelser).

Sidan kvar tre bønder rusta ut ein roar, kan det ha vore 120 roarar i skipreide. I mellomalderen blei tinghaugen erstatta av tingstove, som på 1600-talet ambulerte mellom Rygg og Grødem, men tilbake til Goa i 1706. Den siste goalensmannen døyde i 1811.

Created By
Ove Sveinung Tennfjord
Appreciate