Loading

Kraftverket Nyt naturen i Randaberg.

Forteljingar langs kysten - ei historisk vandring frå Hålandsvatnet til Vistnestunet.

— Betre å ta vatnet i bygda enn å kjøpa frå Stavanger

Det første kraftverket i verda starta opp i London i 1882. Ni år etter fylgde Hammerfest etter, og fyrst i Rogaland var Egersund by i 1905. I august 1908 søkte Stavanger kommune om løyve til å setja opp elektriske stolpar gjennom Stavanger kommune og året etter blei straumen skrudd på i byen.

I februar 1911 sette Hetland herad ned eit trimannsutval for å vurdera elektrisk straum til kommunen, men utan representasjon frå Randaberg. Same året kontakta utvalet ingeniør Fr. Jakobsen om å bruka Hålandsvatnet, men han konkluderte med at det både var for lite fall og nedslagsfelt. I staden tok dei kontakt med Stavanger kommune for straumleveransar frå dei.

Dette ville ikkje randabergbuen vera med på. Sjølv om dei framleis ikkje hadde sin eigen kommune, gjekk dei sine eigne vegar. Der meinte dei det var betre å ta vatnet i bygda enn å kjøpa frå Stavanger.

"Vistemaen" tok tak

Etter at mølla i Kvernavik brann, korfor ikkje sikra seg vassrettane der? Den som tok tak, var "Vistemaen", «BSA» Vistnes, formann i Randeberg Landbruksforening. Med seg i styret hadde han nokre av soknets fremste menn som støtta han då han i januar 1913 fremja forslag om eit eige kraftverk for Randaberg. 146 bønder – 80 prosent av alle skattytarane - skreiv seg i månadane som fylgde som parteigarar og skaut kvar inn tilsvarande 20 000 kroner (i 2022-kroner).

Under leiing av «BSA» blei det så bygd demning og renne til å føra vatnet ned til det nyreiste kraftverksbygget. Med unntak av Bø og Tunge blei det strekt leidningsnett over heile bygda, og sett opp elleve transformatorstasjonar. Som ein del av finansieringa, blei garden der møllebruket hadde lege, seld til «BSA» for kring 1,1 millionar 2022-kroner, femteparten av heile byggesummen.

23. februar 1914 såg dei lyset

Måndag 23. februar 1914 blei det elektriske lyset skrudd på i Randaberg som den fyrste bygda i fylket. Dei fyrste par månadane gjekk nokså greitt, men fyrst i april tvinga vassmangel drifta ned til berre eit par timar til dagen. Men så, frå 24. mai, laut drifta stoppa heilt opp i tre månadar. Frå sist i august blei straumen skrudd på att, men berre til lys og berre nokre timar om dagen.

Difor laut dei alt same sommaren kjøpa straum frå Hetland elektrisitetsverk.

Ein målestasjon ved soknegrensa registrerte forbruket. Frå november 1916 tok Hetland elektrisitetsverk over alle leveringane av straum, og verket i Kvernavika kunne leggjast ned. I mai 1917 selde dei maskinane til eit privat kraftverk på Bryne. Der fann dei ei mengd sagflis då dei opna turbinane.

Ein kar frå Goa hadde stukke inn ein bordende i turbinen då han blei montert, noko som mellom anna førte til den dårlege effekten.

Sist i 1920-åra hadde verket 230 parteigarar og 260 abonnentar.

Frå 1. januar 1929 blei Randaberg elektrisitetsverk kommunalt.

Denne store og tidlege satsinga på kraftverk og nettutbygging viste seg å ha skjedd under ei "heldig stjerne". Dei fleste andre kommunane i fylket bygde ut straumnettet straks etter 1. verdskrigen, då det var gode og dyre tider. Men frå 1921 kom ringe tider med ein høg kroneverdi og mest ruinerande lån. Det gav kommuneøkonomien ein knekk som det tok fleire tiår å kome over. Dette gjekk Randaberg klar av, både sidan el.verket her var ei privat satsing samstundes med at utbygginga hadde skjedd då kostnadene var låge.

Created By
Ove Sveinung Tennfjord
Appreciate