Loading

Raustein Nyt naturen i Randaberg.

Forteljingar langs kysten - ei historisk vandring frå Hålandsvatnet til Vistnestunet.

Sjøen var viktig for Randaberg

Opp gjennom hundreåra var taren ein viktig ressurs for bønder med strandrett. Taren veks på stein- og fjellbotn. I uvêr blir han riven laus og ført til land med bølgene. Stadene der taren då samlar seg, blir kalla tarebruer.

Ved sjøen har kvart bruk naust med fiskebåt: Færing, seksring eller åttring med sildegarn og snøre, hummarteiner, glip og kva som elles høyrde til av fiskereiskap. Her frå naustet til Dag Raustein.

Utanfor Raustein er det eit grunt område, Rausteingrunnen, med gode veksttilhøve for tare. Ved utskiftinga i 1932 fekk alle fire bruka på garden Raustein rett til å ta ut tare frå tarebrua her på garden.

Det aller meste av taren blei brukt til gjødsel – som det for hundre år sidan heile tida var for lite av. Tare til gjødsel blei anten blanda med husdyrgjødsel eller køyrt rein ut på jorda – med hest og kjerre. Nokre la taren i ein dunge før utkøyring på jorda, for utvasking av salt og for at han skulle smuldra meir og vera lettare å spreia.

Ein liten del av taren blei brukt til fôr til husdyra når det var vårknipe, blanda inn i høy og halm. Ikkje det beste fôret, men ein skal hugsa på at på den tida var mjølkeytinga mindre enn ein tiandedel pr ku av kva ho er i dag. Sørover på Jæren brann dei ein del tare. Oska blei brukt til utvinning av jod, som taren er relativt rik på. Brenning av tare hadde bare svært lite omfang i Randaberg.

Bruk av tare til gjødsel tok slutt for 65-70 år sidan, då var handelsgjødsla så pass rimeleg at ho tok over. Men her på garden har det blitt brukt ein del tare til gjødsel dei siste fem åra, garden blir driven økologisk. Taren blir då lagt opp i kompost på vinteren og er klar til bruk våren vel eit år etter. Du finn tarekompost på nordsida av dette naustet, hausta siste vinteren, til bruk neste vår.

Fiskeriet har lange tradisjoner i Randaberg og på Raustein. Biletet av Jonas Rügert-Raustein er tatt i 2014 på Ladberget ved Raustein.

Like utanfor her var det laksefiske med kilenot frå sist på 1800-talet, til for ti år sidan. Då blei fisketida kutta heilt ned til fire dagar – to dagar i to veker - og blei avvikla. Frå 2021 blei det så totalforbod. Beste lakseåret nokon sinne i Raustein var i 2001, då blei det mellom anna i éin fangst teke 24 laksar på til saman 120 kg. På det meste – på 1960-talet – var det fire laksenøter i fiske her på Randabergsida av Vistevika.

Fiske på Vistesvika.

Fiske etter hummar har lang tradisjon i Randaberg. Rundt 1930 reknar ein at det var rundt 6 000 teiner i sjøen rundt kysten i kommunen og rundt holmane vestanfor. Det var gjerne to mann i kvar båt, og dei fiska med 100 teiner. Seinare er lovleg fisketid kutta ned til to månader, og hobbyfiskarar – som dei fleste er – kan bare ha 10 teiner kvar. Men interessa for hummarfisket held seg.

Ved Raustein (naustet)

Raustein er i areal den minste av gardane i Randaberg. Gardsnamnet kjem anten av ein raud eller ein kløyvd stein som ikkje er råd å finna i dag. Det gamle tunet ligg (som sidan mellomalderen) om lag på timeterkoten, eit par hundre meter ovanom stranda. Likevel har her vore gardsdrift på Raustein sidan folkevandringstida, kring 3-400 år e.Kr., då garden truleg blei skilt frå Viste. Raustein vart då delt i to tun. Det eine låg om lag på same staden som nå og det andre låg 500 meter lenger aust, rett vest ved Brannsvarden. Dette austre tunet blei lagt øyde kring 550 e.Kr., venteleg i samband med ein pestpandemi.

Kart over gardsgrense for Raustein.

Tidleg i mellomalderen låg garden truleg under adelsætta på Viste. Då kyrkja på Viste kom, blei Raustein lagt ut som prestegard. Sidan høyrde garden til soknepresten heilt til bøndene kjøpte han i sjølveige i 1833. Med Svartedauden i 1349, blei Raustein avfolka og lagt som tilleggsjord under Viste. Slik låg garden fram til i 1590-åra då han blei attrydda og busett. Nå var dei to sokna i Randaberg slegne saman til eitt og delte prest med Frue sokn. Frå nå av blei garden difor driven av bønder mot å betala landskyld, leigeavgift, til presten. Fram til 1645 var Raustein einbølt (gard som har berre éin bustad), men blei då delt i to bruk fram til i 1894 då han blei delt i tri.

Fram til midt på 1800-talet var gardsvaldet delt i fire: Ytterst låg utmarka som var felles for alle bøndene på garden. Innanfor låg enga, beite- og slåttemark som var delt i teigar mellom bøndene. Sidan fylgde åkeren som blei spadd, og inst sjølve tunet med til saman 12-14 bygningar som sto tett saman: Stovehus, eldhus, fehus, låve, bua, stall og sauehus. I tunet låg og kjengaren (lagringsstad for høy, korn o.a.) og mittinga (gjødselhaug), og utanfor hadde kvart bruk bekkekvern, smie og kvart sitt naust ved sjøen. Kring 1890 blei det sett opp ein vindmaskin til drift av treskeverket. Vindmølla blei sidan skifta ut med hestevandring. Åkeren blei spadd og godt gjødsla. Av dyr hadde kvart bruk fram til midt på 1800-talet ein hest, åtte mjølkekyr og seks–sju sauer.

Created By
Ove Sveinung Tennfjord
Appreciate