Er du prosessoperatørar? Ingeniør? Helsepersonell? Utdanna til å jobba i barnehage eller innan skule? Eller har annan relevant utdanning og ynskjer å bu her?
Vi har bruk for akkurat deg!
Vi har ledige jobbar for t♥ i Ullensvang
TiZir er eigd av det franske konsernet Eramet. TiZir har to bedrifter - GCO i Senegal og Tizir Titanium & Iron AS i Tyssedal.
Råstoffet ilmenitt som er produsert i Senegal, vert vidareforedla ved anlegget i Tyssedal. TiZir sine hovudmarknader er titan- og zirkonindustrien på verdsbasis. Ilmenittsmelteverket i Tyssedal er i dag eit av fem i verda av sitt slag - det einaste i Europa. Smelteverket produserer slagg med høgt innhald av titandioksid, som seinare vert vidareforedla og brukt som kvitt pigment i maling, plastprodukt, papir, keramikk og hygieneprodukt. Smelteverket produserer òg råjern med høg renhet. Dette vert vidareforedla og mellom anna brukt i delar til vindmøller, bilar, maskiner og verktøy.
Bedrifta har i dag ca. 200 tilsette
Vi er heile tida på jakt etter talent som ynskjer fagmessige utfordringar innanfor utdanningar som:
- Sivilingeniør
- Maskiningeniør
- Prosessoperatør og -ingeniør
- Elektro og automasjon
Kvar dag utforskar vi i Boliden korleis vi kan gjere samfunnet betre for framtidige generasjonar. Kvar dag utforskar vi korleis vi kan bruke ny teknologi og innovasjon til å sikre skiftet som gjer verksemda endå meir berekraftig. Korleis vi kan utfordre dagens måtar å arbeide på for å vokse som eit omsorgsfullt og globalt selskap, der det at vi er unike gjer oss sterkare.
Det som kjenneteiknar verksemda vår er omsorg for menneska, miljøet og samfunnet. Boliden Odda har allereie ein leiande posisjon innan berekraftig metallproduksjon. Vi har lang erfaring, kombinert med utviklinga av den mest moderne teknologien noko som gjer at smelteverket vårt er godt posisjonert i den globale konkurransen.
Men, i 2024, nøyaktig 100 år etter at zinkverket såg dagens lys for første gang, skal milliardprosjektet Green Zinc Odda (GZO) stå ferdig. Produksjonen i det nye, hypermoderne anlegget skal doblast, og då treng vi deg! Du som vil vere med på eit av dei største investeringsprosjekta som er gjort på land i Noreg. Du som vil arbeide med ei av dei mest komplekse, spanande og utfordrande produksjonsprosessane vi har her i landet. Du som vil vere med å lage metall for framtida. Kunne du tenke deg det? Då vil vi veldig gjerne ha deg med på laget!
Vi kjem til å trenga kompetente personar innan fagdisiplinar som:
- Mekanisk
- Elektro
- Røyr (piping)
- Automasjon
- Digitalisering
- Byggleiar/byggingeniør
- Prosessingeniørar
- Lærlingar og ferievikarar
Arbeidsoppgåvene i kommunen er mange og allsidige. Vi treng fleire kollegaer i ulike yrkesretninger, men spesielt innan helse, skule og barnehage.
Kommunen som arbeidsgjevar byggjer på god praksis, der vi skal sikra robuste tenester til innbyggjarane - av rett kvalitet, der du er viktig for å løysa oppgåvene for innbyggjarane.
Vi ynskjer at alle tilsette skal ha høve til fagleg og personleg utvikling når dei jobbar hjå oss. Som arbeidsgjevar skal vi tilretteleggja for at tilsette skal kunne ta vidareutdanning, og for at lærlingar skal ta fagbrev.
Ullensvang er ein god og trygg kommune å bu og leva i.
Hjå oss kan du bu i ei flott bygd nær fjellheimen, eller langsmed fjorden. Er du meir urban vel du byen vår Odda. Same kvar du buset deg, vil du ha kort veg til fjord og fjell, fonn og foss, frukt og festivalar.
Vi er behjelpeleg med å finna bustad i ein oppstartsfase.
Fritid
Det er tett mellom opplevingane i ein kommune som legg stor vekt på at kultur, idrett og friluftslivet skal vera inkluderande og nå flest mogeleg.
Oss
Vi som bur i Ullensvang er like varierte som tilboda er - med ein fellesnemnar:
Vi ynskjer alle velkomne til å få ein bit av denne vakre, mangfaldige kommunen me er så glad i – og delta i vidare vekst, utvikling og mangfald.
Kom og jobb hjå oss i Ullensvang!
TiZir | tizir.no | Ledige stillingar | Open søknad
New Boliden Odda AS | boliden.com | Ledige stillingar
Ullensvang kommune | ullensvang.kommune.no | Ledige stillingar | Open søknad