Loading

Pleie og omsorg 2021 Lom kommune

Lom helseheim

Lom helseheim laga ein liten filmsnutt med høgdepunkt frå 2021. Trykk på play og kos deg!

Heimebasert omsorg

Det har vore eit stort press på tenestene i heimebasert omsorg, mykje grunna full institusjon. Det har og vore auka bruk av sengane på NGLMS samanlikna med åra før. Samarbeidet med heimehjelpa har vorte vidareutvikla som eit ledd for å nytte tilgjengelege ressursar best mogleg.

Det har også gjennom det siste året vore høgt fokus på informasjon, smittervernsrutinar og koronateam. Tenestene har klart å yte bistand jf. vedtak trass koronasituasjonen og stort sjukefråvær. Heimesjukepleia har hatt oppfølging av heimebuande Covid-19-positive, noko som har vore utført etter prosedyre som telefonkontakt og heimebesøk ved behov.

Nedstenging og restriksjonar har gjort at mange eldre har hatt mindre bevegelsesfriheit enn før, og det har vore vanskeleg både å reise på besøk, og ta i mot besøk. Komp-skjermar der familie og vener kan sende bilete, meldingar og gjennomføre videosamtalar med sine, har gjeve ei trygg og sosial kontakt på dei eldre sine premissar.

Implementering av risikotavle vart innført som eit ledd i å sikre kontinuerleg kvalitetsforbetring og brukartryggleik. Tavla er eit verkty som har gjeve rask oversikt over risikoområde for våre brukarar. Dei har strukturert gjennomføringane av kartleggingane, gjeve klar ansvarsfordeling i avdelinga og sikra at pålagde oppgåver blir utført.

I juni vart det innført ny velferdsteknologiplattform, her fekk vi mellom anna nytt system for handtering av tryggleiksalarmar, døralarmar og GPS via app.

Elles har tenesta hatt mykje fokus på kvardagsrehabilitering, og mange nyttar seg og av matombringing, der også heimesjukepleia bidreg med transport utan at vi alltid yter helsehjelp.

Created By
Redaktør Lom Kommune
Appreciate

Credits:

Laget med et bilde av Pixel-Shot - "Medical worker examining senior woman in nursing home"