Loading

Kongsberg - Stanghelle Noah og Kåre på Sykkel 2015

Bilete og tekst: Kåre Trefall. Andre bilet-bidragsytarar: Oddlaug, Anette , Bjarte og Simen. Åpningsbilete viser Noah på Rallarvegen rett innafor Haugastøl. "Etterord" er lagt til 18/8/15. 2/10/15: So kom me i "aviso" - Vaksdalposten - 1/10/15. Sjå nytt "Etterord 2".

Starten

Eg blei utfordra av Noah på 13 til å sykle saman med han frå Kongsberg der eg - Kårebesten - bur, til Stanghelle der Noah bur. Dette skulle skje i løpet av 2015, og før Noah byrja på skulen att. Me venta i det lengste fordi snøen endå ikkje var smelta på Rallarvegen. Då dette endå ikkje var skjedd i starten av august, måtte me berre starte, og bruke tog Finse - Hallingskeid slik dei andre Rallarveg syklistane måtte. Eg var ferdig med sommarferien, og kunne ikkje ta fri det eg ville, så me bestemte å ta toget Finse - Myrdal i staden. Turen blei dermed 3,5 mil kortare, men for å sykle også desse mila hadde turen blitt eitt døgn lenger på grunn av at berre enkelte tog tar med syklar. Turen blei dermed planlagt å vare frå torsdag etter arbeidst til utpå måndag, og med togt-retur for meg så eg kunne væra på jobb igjen tirsdag.

Alt startar med planlegging. Sjølv om turen hadde vore påtenkt ei stund, blei detaljplanlegginga gjort på jobb dagen før me starta ved å studerte Gule-sider-kart, og nedtegna på to gule postit-lappar. Lappane gløymde eg att i heime, så etappane måtte eg ta frå husken då me var på tur. Lappen til venstre viser togttider til bruk på Rallarvegen, Hardangervidda.

Undervegs på turen skreiv eg to reisebrev som blei posta på facebook til dei som fylgde oss der. Desse er også å finna i denne teksten, her kopla til dei enkelte etappebeskrivelsane. Bileta er tekne med iPhone og ikkje av allverdens kvalitet, men gode nok som illustrasjonar.

Det er Noah som fekk meg med på denne tur, og som er helten i denne historien!

Dag 1

Torsdag 6. august etter at eg først hadde vore på jobb starta turen. Me hadde framfor oss ein lett grei etappe og satsa på å nå Veggli 6 mil opp i Numedal om kvelden.

GPS-en var sjølvsagt med, så her er kart, etappedata og høgdeprofil for fyrste etappe henta frå Endomondo, pluss litt bilete. Høgdeprofile manglar skala , så sjekk høgdedata (min og max altitude) som du finn til venstre for karta. Snitt-hastigheita du finn der inkluderer pauser:

Føtste etappe Kongsberg - Veggli 5,8 mil

Me startar med friskt mot framfor huset vårt i Glitregata, Kongsberg.
På YX bensinstasjonen i Veggli. Her ventar Noah på toasten han har bestillt. YX-toasten var svært god, og blei eit begrep på turen. Desverre fekk vi tak i den berre en gong til, på Norefjord
Det blei seint på oss før me fekk opp teltet og ete kveldsmat - Mr Lee med pepperbiff. Myggen jaga oss inn i teltet sjølv om teltplassen låg svært idyllisk til ned mot Numedalslågen

Utdrag 1 frå "Ein liten reiserapport frå "sykle Kongsberg - Stanghelle" turen (første gong posta på facebook under turen, lørdag 8/7/15 23:02).":

Å bli utfordra av Noah på 13 til ein slik tur var noko eg ikkje kunne seie nei til. Men som han sa før i dag då me begge sat slitne på benken utanfor burgeren på Geilo: eg visste ikkje ka ein slik sykkeltur va. Eg orkar ikkje meir. Orka gjorde han. Og storkosa seg nydusja med skinkepitza på Haugastøl 3 timar seinare. Eg er imponert over guten!

Me starta ut med godt mot i 17 tida på torsdag. Eg var på arbeid fyrst. Toasten på YX-en på Flesberg smaka fortreffeleg. YX-toasten blei eit begrep etter dette. Me fann ein super teltplass rett før Veggli, og Noah dreiv og slo kolbøtte i teltet så det var nære på at det måtte setjast opp gong nummer to.

Me sov godt begge to første natta. Været hadde vore fint om dagen og kvelden. Utpå natta høyrde eg lyden av ei lita regnbye på telttaket, ein koseleg lyd når ein ligg tørt, varmt og mett i soveposen inne i teltet.

Teltpassen vår på Veggli, mellom Numedalsbanen og Numedalslågen.

Kveld ved teltet
Frukost. På menyen sto fast; sjokoladepålegg og havre-polarbrø for Noah, kaviarmix med Jarlsberg på havre-polarbrødet til meg. Pluss te og pulver-kaffi.

Dag 2

På neste etappe var me einige om at "me sykla så lenge me klarer" . Eg advarte Noah om bratte bakkar opp frå nedsida av Rødberg og opp til Tunhovd-dammen. Det blir flatt vidare innover sa eg. Bratt blei det. Men langt i frå flatt der vegen snor seg langs Tunhovdfjorden, forbi Langedrag og vidare langs Pålsbufjorden inn Søndre Skurdale.

Opp-pakninga vår var for Noah ca 11 kilo i form av to sykkelvesker på den nye setepinne-bagasjebæraren sin + ei lita styreveske. For meg 15 kilo i baggen på sykkeltilhengaren + 4 kilo i styreveska. Utstyret besto av mat (Polarbrød, rett-i-koppen, Mr-Lee, Real-turmat, etc), kokeapparat (MSR Dragonfly fyrt med parafin), tomanns telt (Helsport), liggeunderlag (Termarest), soveposar, klær (spesiellt var tørr ull til telt/kveldsbruk viktig), ekstra telefon-lade-batteri, og til sykklane: slange, reservedekk, pumpe + litt verktøy.

Andre etappe starta i fint vær frå Veggeli og blei sjåande slik ut:

Andre etappe Veggli - Pålsbufjorden 7.1 mil

Kjempegod YX-toast inntas på YX-en på Nordefjord. Hyggeleg dame som lurte på om me sykla langt laga den til.
Skjønne kirke i sikte. Endå er det flatt og fint, og Noah anar fred og ingen fare.
Ein slten Noah på veg dei bratte bakkane opp til Tunhovd-dammen. Fotografen var også trøytt, men opptatt med å motivere.
Avkjøling og drikkeflaske påfylling oppi dei bratte bakkane.
Sliten gut kviler ved nær-butikken ved Tunhovd-dammen

Utdrag 2 frå "Ein liten reiserapport frå "sykle Kongsberg - Stanghelle" turen (første gong posta på facebook under turen, lørdag 8/7/15 23:02).":

Neste etappe starta med handel på Veggli, så Toast på YX-en på Norefjord, og ein gut som sa at livet var herleg!!

Så tok alvoret til. Før brua over Numedalslågen nedanfor Rødberg bar det oppover bratte sik-sak bakkar til me til slutt nådde Tunhovddammen. Livet var brått ikkje så herleg. Eg sykla for det meste, mens Noah gjekk over i gå-sakte aksjon-tempo, dvs under 1 kilometer i timen. Noko slikt hadde han ikkje rekna med. Men ting kan snu seg utruleg fort. Innover frå dammen var livet igjen verdt å leve. Då Noah stoppa for å ta på seg meir klede, blei han forhørd av ein molteplukkande pensjoner skulelærar som ble imponert over at det fortsatt fanns så sprek ungdom, og no måtte han passa på at ikkje faren sykla frå han. Det er kårebesten sa Noah. Nei har du rota besetefar din bort i slike utskeielsar. Har han forresten vore hippi? Eg veit ikkje svara Noah. No lyt du hanga med skal ikkje han der bestefaren fara frå deg! Ja dette var rapporten eg fekk då Noah nådde meg att.

Etter kvart som me sykla blei eg meir å meir usikker på om rutevalget mitt om Tunhovdfjoren og Pålsbufjorden vidare til Skurdalen var rett. Der det finns ein gard oppunder skogsbrynet ein stad langs Pålsbufjorden går vegen stupbratt opp, og - nei ikkje fleire gardar her - stupbratt nedatt. Slikt er til å bli utmatta av! So då Noah i gårkveld sa at no orka eg ikkje meir, var eg heilt einig for eg orka ikkje mer eg heller, so me slo leir på noko som var den rake motsetningen til den idylliske plassen med vakker Lågen utsikt me hadde hatt natta før. Får me nedi teltpluggar her då lurte Noah på. Jadå sa eg. Men vanskeleg var det.

Det var rett før oppkøyrsla til Langedrag Noah snakka med ein molteplukkande pansjonert lærar som gledde seg over at det enno fannns så spræk ungdom i landet.

Her kviler me rett etter vegkrysset der vegen til høgre går til Nesbyen, og vegen til venstre opp Søndre Skurdalen. Bakken opp tilkrysset var tung og bratt:

Denne kvelden er me for trøytte til å leita etter fin teltplass. Me tek det første og beste som fell seg i vegkanten i det sola byrja gå ned og me ikkje orkar meir.

Noah snakkar med pappen sin mens me ventar på at vatnet skal koke og Real turmat kyllinggryta skal kunne inntas.

Dag 3

Så starta etappe 3. Vidare opp Skurdalen og bratt over åsen før Hallingskarvet kom til syne, og ein litt etter ser skibakke-krusedullane ned mot Geilo på andre sida av dalen. Vel nede på Geilo blei det hamburger hos ein triveleg kokk på Geilo grill. Noah fekk baconet akkurat så sprøsteikt som han ba om. Eg ringde og fekk bestillt hus på Haugastøl, for inn til Finse som den oprinnelege planen var, innsåg me blei for tøfft. Noah ville vel egentleg mest heimatt på dette tidspunktet, men grei som han var til å motivere blei han med vidare dei to og ei halv mila det er til Haugastøl. Milene gjekk greit trass mykje opp-og-ned sykling og trass bobilar so strauk millimeter frå syklane våre på RV7. Dei fleste billistar tek hensyn. Men innimellom kjem dei livsfårlege unntaka, som ikkje skulle fått behalda lappen.

Her slik etappe 3 blei:

Tredje etappe: Pålsbufjorden - Haugastøl, 5.7 mil.

Seige lange kneikar over frå Skurdalen til Geilo
Endeleg oppe. Hallingskarvet i bakgrunnen.
Framme på Haugastøl. Noah tek ein velfortjent dusj mens eg ber inn pargaset

Utdrag 3 frå "Ein liten reiserapport frå "sykle Kongsberg - Stanghelle" turen (første gong posta på facebook under turen, lørdag 8/7/15 23:02).":

Litt dårleg søvn på Noah, før utpå morgekvisten, så eg stiltra meg og gjorde alt klart til frukost og oppsaling.

Me hadde snakka om at Skurdalen etter at me kom bort i riksveg 40, og opp til toppen før nedfart til Geilo kom til å bli hard. Men etter alle gards-besøka oppover strekningen før, var dette berre peace-of-cake. På Geilo ville guten heimatt. Kameratane han hadde fortalt om turplanane til hadde sagt han var gal. Vilja seg sjølv seg noko so vondt. No var han einig. Ei lita stund. For litt sidan rusla ein glad og fornøgd gut inn på rommet sitt for å leggja seg til å sova, her me har teke inn på Haugastøl, klar for ny innsats i morgon!

Natt nummer 3. Denne gongen i god seng på Haugastøl. Og etter å ha ete god pitza. Eg skreiv fyrste reiserapporten her. Men vel installert i den gode senga kom ikkje søvnen. I naborommet sovna derimot Noah i det han fekk hovudet på puta. Vekkerklokka var stillt på 06:00 for å få god tid til å sykle inn til Finse neste dag og å få ordna med bilettar og syklar før togturen Finse - Myrdal

Dag 4

Resepsjonen åpna førts ein hal time etter at me sykla frå Haugastøl turistsenter. Eg hadde gjort opp kvelden før. Litt grått vær, og litt regn innover mot Finse, men det blei fort fint igjen. Dette var einaste regnet me fekk på oss på turen, så me var utruleg heldige med været. Her første del av etappe 4:

Fjerde etappe del 1: Haugastøl - Finse 2,65 mil

Fint opp Rallarvegen frå Haugastøl
Mot Finse
Me ventar på toget. Sykkeltilhengar og sykklar måtte strippast ned for å få dei med på toget.

Utdrag 1 frå "Reiserapport 2 frå "sykle Kongsberg - Stanghelle" turen (første gong posta på facebook rett etter turen, måndag 10/8/12 22:59)":

Opp klokka 6 etter ei natt med dårleg søvn. I dobbeltsenga i nabo-sovesuiten var det fortsatt stille. Eg pakka sykkelvesker, gjekk opp trappa til stove-kjøkken-balkong og stelte i stand frukost: havre-polarbrød, sjokoladepålegg på tube, kaviarmix og ferdigskiva Jarlsberg, pluss te og pulverkaffi, for så å gå ned igjen for å vekke Noah. Litt grynting, så stille igjen. Etter ein del repriser kom ein søvnig gut til syne, og etter ytterlegare tid fann han fram til frukostbordet. Ikkje så lett i leilegheita med plass til 40 fleire (kanskje det var å ta litt i), som me til ein dyr penge hadde fått leigd oss på Haugastøl. Den einaste ledige - det sa dei i alle fall. Guten hadde sove supert, og etter kvart som han livna til viste det seg at han var i supert humør også. Sykkelturen inn til Finse gjekk som ein leik. I alle fall for han. Eg kom slitande og pæsande etter. Men me nådde Finse stasjon i god tid til å kjøpe 5 bilettar: til meg, til Noah, til sykkelen min, til sykkelen til Noah, og til sykkeltralla mi. Mange andre skulle med toget 11:18 som tar med sykklar. På grunn av store snømengder er rallarvegen fortsatt steng mellom Finse og Hallingskeid. Alle skulle til Hallingskeid for å sykla vidare til Myrdal og Flåm. Eg fekk beskjed om å passe på å seie i frå om at våre sykklar skulle til Myrdal. Me måtte tatt eit "somledøg" ekstra skulle me gått av på Hallingskeid og sykla til dei 35 kilometra det er til Myrdal. Vel framme på Myrdal virra eg rundt til eg oppdaga at stasjonen var ubetjent. Etter ytterlegare virring fann eg ut at sykklane skulle me sjøv ta med oss inn i lokaltoget Myrdal - Bergen som gjekk 13:33. Skal ein vidare vestover må ein nemleg ta tog dei 5-6 minutta det tek gjennom Gravhalsen til Upsete, øverste garden i Raundalen. Ein hyggeleg togførar anviste plass i første vogn, eg og Noah slappa av til ei streng konduktør-dame stemme vekkte oss med "dette går ikkje" på bergensk. Eine sykkelen stengde for eine utgangsdøra. "Her må vi kunne tenke litt sikkerhet også". Ut med syklar og pikkpakk (på forrige togreise måtte vi plukke av alle vesker og liknande, om me ville ha med sykklane) og bakover til ein større vogn-gang berekna på barnevogner o.l. Her gjekk det akkurat med våre to sykklar, sykkelvogna mi, pluss to andre sykklar som skulle med. For oss: heldigvis fekk me med sykklane. Trist at for den flotte varianten av Rallarveg-turen at det ikkje var fleire: det å sykla vidare ned vakkre Raundalen til Voss.

Då toget var kome i gong hadde me morro av at me ikkje måtte finna på noko meir gale slik at me blei kasta av på neste stasjon. Eller forresten - me skulle jo av på neste stasjon, så . . .

Noah på toget gjennom Gravhalsen. Eit "finn Noah" bilete. Han er der.

Etter dei 4 minuttene det tek gjennom Gravhalsen, var det av på Upsete stasjon øverst i Raundalen. Motakelses-komiteen besto av ein flokk sauer som sto og venta utanfor grinda.

Her er etappen nedover Raundalen og forbi Voss:

Fjerde etappe del 2: Upsete - Bulken 5.7 mil (fjerde etappe blei då tilsammen 8,4 mil)

Den eine av dei to som gjekk av på Upsete
Raundalen nedover med nyfiksa bagasjebærar
Burger og gaffatape på Amfi-Essoen på Voss
Fin teltplass i stigninga opp mot Hamlagrø

Utdrag 2 frå "Reiserapport 2 frå "sykle Kongsberg - Stanghelle" turen (første gong posta på facebook rett etter turen, måndag 10/8/12 22:59)":

På Upsete gjekk det av to personar. Første delen av grusvegen nedover var så dårleg at Noah fann ut han skulle triksa litt. Etter eit hopp med tunge sykkelvesker knakk bagasjebæraren. Etter litt fiksing med streng slik at veskene ikkje subba inn i bakhjulet gjekk turen vidare med ein gut som sykla SVÆRT forsiktig. 1 kilometer lenger framme hadde han glømt det. Men med streng-fiksinga, pluss litt gaffa-tape på Voss heldt bagasjebæraren resten av turen. Raundalen var denne dagen lenger enn vanleg, og halla ikkje så mykje nedover som vanleg. Eg sleit. Noah derimot susa kvitrande nedover. Etter kvar sin 190 grams burger på Amfi-Essoen på Voss kvikna også eg til. 50 m langs trafikkmaskina E16 var nok, så var det å ta fatt på "gamlevegen" ned til Bulken. Blytunge bakkar opp over seige bakketoppar, og nedatt på andre sida for ny gjentagelse. På Bulken starta så den bratte langdryge oppstigninga over til Hamlagrøvatnet. Oppi lia fann me ein fin teltplass. Burgarane sat fortsatt godt i, så det blei rett i soveposane. Ei regnbye kom rett etterpå.

Frukost på teltplassen vår på veg opp frå Bulken over til Hamlagrøvatnet. Denne frukosten skillte seg ut frå dei andre. Ikkje Polarbrød denne gongen, men Real-turmat kjøttsuppe. Myggplage også på morgonkvisten, derfor Noahs hovudplagg.

Dag 5

Så til femte og siste etappe. Det vil sei heim for Noah. Og han hadde lyst å koma heim fortast mogeleg. Forsto ikkje vitsen med å somla å stoppa for inntak av mat og drikke. Og det var sjølvsagt ikkje rart. Femte dagen på sykkel. Med opp og nedturar bak seg, både i terrengett og i hovudet. Han hadde vore veldig flink til å takle nedturane i hovudet. Det er dei som røyner mest på. Eg hadde hatt gleda av å ha ein utruleg tøff gut med som reisefylje.

Her er femte og siste etappen. 27 mil bak oss, fortsatt 5 mil framfor oss:

Femte etappe: Bulken - Stanghelle 5,1 mil (tilsamman blei turen 32 mil):

Ved Hamlagrøvatnet
På Lid i Bergsdalen
Klare til utforkøyringa frå Storefossen til Dale

Utdrag 3 frå "Reiserapport 2 frå "sykle Kongsberg - Stanghelle" turen (første gong posta på facebook rett etter turen, måndag 10/8/12 22:59)":

Neste morgon var det einaste Noah tenkte på: i dag kjem eg heim! No var me i kjendt land for Noah. Trudde eg. For oppe ved Hamlagrøvatnet lurte Noah på om det ikkje snart gjekk nedover til Dale. Han hadde det travelt med å kome heim. Nei me må ned Bergsdalen først. Å, den hadde eg gløymt, sa han og motet sank. Den er lang sa han. På Storefossen sa eg me måtte stoppa og innta litt energi, slik at me ikkje blei så utmatta at me ikkje kunne fullføre. Eg vil heim, sa Noah og slukte Jappen sin. No sykla du forsiktig nedover! Her er mykje brattare og smalare en nokon anna plass på turen. Jadå svara han og forsvann. Kjem du endeleg sa han då eg såg han att ved grillen på Dale der me hadde avtalt å møtast. På Stanghelle venta flott kjekk velkomst!! Ein strålande fornøyg Noah var heime. 32 mil tilbakelagt. Utruleg heldige med været. Utruleg kjekt reisefylje. Ein flott flink uthaldande Noah! Ein utruleg flott opplevelse.

Så var det berre att gamlevegen frå Dale til Stanghelle. Skal du vidare på sykkkel frå Stanghelle mot Bergen, må du på toget att her. Trafikkmaskina E16 er uråd å sykla. Alternativet er å ta av på Voss for å sykla til Granvin og Hardanger, og vidare mot Bergen. Sykkeløpet Bergen - Voss går eksempelvis den vegen.

I mål

Etter utålmodige å ha måtta vente ved stengt veg på grunn av fjellvegg-rensking i starten på gamlevegen, bar det vidare nedover. Ivrige Noah eit stykke framfor. Opp til skulen på Stanghelle nådde eg han att, eg sykla, han gjekk ein bit. Etter at me hadde slite oss opp Storabrekko og vidare opp i tunet i Åslia fekk me ein kjekk varm velkoms av Bjarte, Anette, Simen og Molly!

Start bilte frå 5 dagar før . . . så mål bilete:

Eg kjem i mål nokre minuttar etter Noah
Begge to i mål!

Eg har hatt ein utruleg fin opplevelses-tur saman med deg Noah, hovudpersonen i denne forteljinga, og grunnen til at turen blei til. Håpar turen har sett positive spor. Og at du fekk overskride nye grenser. Og erfara at "alt sit i hovudet" som eg stadig taut om. Dette meistra du med glans!

Takk Noah!

etterord

Det finns mykje rare folk. Ved ei tilfeldigheit kom eg over ein artikkel på nettet frå lokalavisa Vaksdalposten som fortel om den utflytta Stanghellingen Stian Tveit som tidligate i sommar sykla Oslo - Stanghelle, 48 mil på 25 timar, om Kongsberg, Bolkesjø, Imingfjell, Geilo, Hardangervidda til Eidfjor, Ulvikfjellet, Voss, Hamlagrø og til Stanghelle. Så her har me noko å strekkja oss etter her Noah. Lenk til avisartikkelen så lenge den virkar:

Etterord 2

Så kom me i aviso. Litt i etterkant, men kjekt likevel. Takk til Magne Solhaug i Vaksdalposten:

Forsida

Artikkel:

Created By
Kaare Trefall
Appreciate

Credits:

Copyright © kaare@trefall.com 2016