View Static Version
Loading

Hålandsvatnet Nyt naturen i Randaberg.

Forteljingar langs kysten - ei historisk vandring frå Hålandsvatnet til Vistnestunet.

Flatevidda på Hålandsvatnet er 1,07 kvadratkilometer, og vatnet ligg åtte meter over havet

Hålandsvatnet er 25 meter på det djupaste, og har omlag seks kvadratkilometer nedslagsfelt. Dette er eit av dei beste fiskevatna i fylket, der største fisken har vore 4,2 kilo.

Kvart år heilt sidan eldgammal tid, har gardane kring Hålandsvatnet fiska nokre tønner med aure og røye.

Landhevinga gjorde at vatnet 6 000 f.Kr. låg som ein fjord inn frå Kvernavika, då Vistehola blei busett. Tidleg i yngre steinalder vart vatnet skild frå havet. I folkevandringstida, for kring 1 500 år sidan, låg det ei bygdeborg på Resnes på sørsida, som er lett synleg frå parkeringsplassen på Endrestø-sida.

Det var færre hus rundt Hålandsvatnet før i tida.

I nyare tid var bekken ned frå vatnet til Kvednavika viktig

Vika fekk namnet sitt etter kvernene her. Sidan 1600-talet hadde bruka på Nora Sunde tre kverner «til husbehov». I 1847/48 sikra fire skipreiarar og handelsmenn seg jorda på begge sider, samt fallrettane i bekken. Eit par år etter reiste dei møllebruk, og dei tilsette «møllebestyrer» som mol både gryn og mjøl.

Bruket var i drift til det brann i 1909.

Frå 1941 fekk Stavanger kommune løyve til å pumpa vatn frå Hålandsvatnet over til Stokkavatn, som var drikkevasskjelda til byen. Etter krigen, frå 1948, henta også Hetland kommune vatn her, til Tasta og Hundvåg. I 1950 melde både Handelslaget og Luftkommando Vestlandet på Randabergfjellet interesse for å leggja vatn frå Hålandsvatnet. Det var særleg nokre løebrannar som gjorde handelslaget og kommunen engsteleg. Dessutan var det skralt med vatn mange stader. Mellom anna køyrde dei med hest og kjerre heilt frå Raustein for å henta vatn i Hålandsvatnet.

1. august 1953 fekk Randaberg Bakeri, som første abonnent, knytt til seg vatnet, og hausten 1954 sto bassenget på Varen ferdig.
Bassenget på Varen stod ferdig hausten 1954.

Frå nyttår 1956 var vassverket ved Hålandsvatnet bygd ferdig.

Men alt kring 1960 blei det klart at vassverket korkje makta å levera nok eller kvalitetsmessig godt nok vatn frå Hålandsvatnet. Det førte til at kommunen frå 10. mars 1966 blei knytt til det interkommunale vassverket.

Created By
Ove Sveinung Tennfjord
Appreciate