Det finaste dagleg leiar Børge Bø veit er når flyktningar får tilbod om fast jobb i butikken hans Kiwi Randaberg eller andre stader i nærområdet. Då har han fått hjelpa nokon på vegen til å integrera seg.
Tekst og foto: BORGHILD GUDMESTAD
Blide Børge Bø på Kiwi Randaberg i Dalveien er ein av arbeidsgjevarane i Randaberg som over fleire år har hatt flyktningar i praksis og etter kvart som tilsette, både frå prosjektet «Fra stønadsmottaker til selvforsørger» og andre tiltak.
Sjå den enkelte
— Eg har som regel ein her om gongen. Eg vil ha tid til å sjå den enkelte, visa dei ting, ha god opplæring, fortel Bø i daglegvarebutikken som har rundt 12 tilsette.
Dei som er i praksis ved Kiwi får ein gyllen moglegheit til å finna ut kva dei vil gjennom praksis.
— Det er nesten eit samfunnsansvar dette, og er positiv til det, å hjelpa dei og integrera dei.
— Korleis organiserer du opplæringa?
— Me vil ha opplæring på lik linje som andre me har tilsett. Dei som er her skal få opplæring i det å jobba i butikk.
Språket viser seg ofte å vera den største utfordringa, som er viktig å få på plass når ein er i praksis.
— Praktiserer ein språket er det lettare å få jobb, seier Børge.
Godt samarbeid
Han blir skikkeleg glad for dei som får seg jobb, der målet har vore at dei skal få akkurat det.
— Mange har sjukt god arbeidsmoral, legg han til.
Han er godt nøgd med å samarbeida med NAV over fleire år.
— Ja, det er eg! Opplæring krev oppfølging, men me får meir enn me gir. Det er kjekt at me kan gje ein inngangsbillett til arbeidslivet.
Det er fleire som har gått ut i jobb hjå Børge etter praksis.
Legg godt til rette
Rettleiarane Ofira Høyem og Hanne Nordal Stornes kan stadfesta at dei er godt nøgde med Børge sin innsats som arbeidsgjevar.
— Han er veldig positiv. Han vil hjelpa og legg til rette for integrering. Han gjer meir enn han treng å gjera. Han er svært inkluderande, seier Høyem.
Ho opplever at Børge alltid seier ting på ein god måte, og er tilgjengeleg for NAV.
Rettleiar Hanne Nordal Stornes synest Børge er lett å samarbeida med, og at han alltid er positiv.
— Han gjer ingen forskjell på dei tilsette. Alle blir behandla likt.
Mervat Abbas er ein av dei som er tilsett hos Børge, etter å ha hatt praksis her tidlegare har ho fått fast jobb. Ho er svært tilfreds med sin arbeidssituasjon og arbeidsgjevar.
— Eg er veldig glad for å jobba her, alle er veldig hyggelege.
Ho synest også at ho har fått god opplæring.