View Static Version
Loading

Viste Nyt naturen i Randaberg.

Forteljingar langs kysten - ei historisk vandring frå Hålandsvatnet til Vistnestunet.

Notlaga på Viste

Historia om Viste-folket og fiske går heilt tilbake til dei som budde i Vistehola. Men også dei siste hundreåra var bøndene på Viste fiskarbønder, som svært mange andre på dei relativt små gardsbruka på halvøya Randaberg. Bøndene på Viste var dyktige fiskarar.

Går me 100-150 år tilbake dreiv dei fiske med mange slag reiskap, og etter mange slag fisk og skaldyr. Dei fiska med garn, snøre, glip, line, teiner og anna. Dei fiska etter torsk, sei, lyr, laks, makrell, sild, brisling og hummar.

Den første motorbåten kom til Viste i 1906.

Den første motorbåten kom til Viste i 1906

Den første motorbåten kom til Viste i 1906 og for hundre år sidan hadde garden Viste tredjeparten av motorbåtane i kommunen. Dei som hugsar tilbake til 1950-åra, veit at då låg det fast tre motorbåtar ankra opp ved Visteholmen. Når båtane skulle brukast, rodde dei ut med færingen. Det var ikkje hamner for motorbåtar på den tida.

Fisket gav kjærkomne, men usikre inntekter i tillegg til garden

Her skal me ta føre oss notfiske. Kring året 1885 blei det skipa eit notlag på garden som investerte i ei diger landnot. Dei engasjerte seg også i å få i gang laksefiske med kilenot. Bønder frå Raustein var òg med i notlaget. På sommaren var det brislingen og makrellen som skulle til pers, på vinteren silda. Dette ga kjærkomne, men ujamne og usikre inntekter i tillegg til garden.

Det var fleire sterke personlegdommar som var med i notlaget, og det enda med sjau og brot mellom dei.

Det resulterte i at det blei skipa to lag, Taraldlaget (med bas Tarald Ånensen) og Janalaget (med bas Kristen Jansen). Laga blei også kjende som A- og B-laget. Her på Ladberget bygde laga kvart sitt digre, høge naust for oppheng og tørking av nøtene. Mange vil minnast desse bygga som stod til nedfalls utover på 1960- og 1970-talet.

Mot Ladberget.

Visteholmen var ofte feste for nøtene

Nøtene som blei brukte, var for det meste store landnøter, og Visteholmen var ofte feste for nøtene, for fiskestimane gjekk normalt like ved holmen. Største stenget dei nokon gong tok, var eit sildesteng i 1906. Det aller siste notkastet var det Janalaget som tok, i 1958.

Visteholmen var ofte feste for nøtene.

Frå rundt 1885 blei laksen teken i kilenot. Her på Viste var éi not i bruk i periodar. Så var dei éi not i Raustein og to på Vistnes. Desse tre var meir jamt i bruk kvart år etter at kilenotfisket var vel etablert. Laksefisket stansa for rundt ti år sidan.

Created By
Ove Sveinung Tennfjord
Appreciate