Forteljingar langs kysten - ei historisk vandring frå Hålandsvatnet til Vistnestunet.
Ein steinalderbuplass under ein heller
Her ved det smale sundet inn mot Hålandsvatnet låg det kring 6 000 f.Kr. ein steinalderbuplass under ein heller. Dette neset mellom Hålandsvatnet og Kvernavika utgjorde den søre utmarka til garden Nora Goa. Dette var eit skrint område med myrer, mykje berg i dagen og elles eit heller tynt jordlag lite eigna til jordbruk. Kring 1960 låg her bare ei og anna hytte som låg mellom snaue bergskoltar og buskfuru. Fyrste gong folk busette seg her, var i 1815 då husmannsplassen Varhei blei oppretta. I alt låg det midt på 1800-talet tri husmannsplassar i Varhei.
— "Varhei" heldt ikkje som namn når området skulle marknadsførast
I 1963 kjøpte to byggmeistrar i byen 226 dekar her. I fyrste omgang ville dei selja området som byggefelt til kommunen. Etter nei der, utvikla dei i lag med kommunen byggjefeltet «Varhei», som det innleiingsvis blei kalla. I november 1964 presenterte dei prosjektet sitt i stavangeravisene med foto og omtale. Men "Varhei" heldt ikkje som namn når området skulle marknadsførast.
Sjølv om feltet ikkje hadde noko med Viste å gjera og ikkje ein gong grensa til, var Vistehola og Viste Strandhotell kjende namn i byen. «Viste» hadde såleis prestisje, var kjent og "selde". Eit positivt ladd moteord for byggefelt på denne tida, var "Hageby". Altså blei feltet seld som "Viste Hageby". For politikarane, mellom anna Sven O. Goa var dette ein provokasjonen. Dei protesterte samrøystes både i bygningsrådet i desember 1964 og i formannsskapet i september 1965 og hevda at "Det vitner og om liten pietetsfølelse å sjonglere med slike navn, samtidig som det virker forvirrende og gir grunnlag for misforståelse". Difor bad dei utbyggjarane om å bruka namnet "Varhei" på feltet. Men for funksjonærar frå byen, var "Viste Hageby" eit mykje betre lokkemiddel, og namnet kom til å fylgja området: Bykultur hadde sigra over bygdekultur!
"Hagebyen" blei ein suksess
"Hagebyen" blei ein suksess, og feltet fyltest i løpet av ti-året. Frå mai 1965 tok husa til å reisa seg. Mest alle som flytta til, var utanbygdes folk og før tiåret var til endes, budde det over 500 menneske i feltet, 11% av alle i bygda. Ei mengd born skulle starta i Randaberg skule, og mest ingen av dei åtte besteforeldre i bygda. For kommunen var Viste hageby ein lærepenge. Her hadde ein fått tilbod om å kjøpa feltet, men takka nei og overlèt initiativet til utanforståande entreprenørar. Det førte til ei utbygging som gjekk på tvers av kva politikarane hadde tenkt. Såleis skjedde utbygginga for raskt og i eit for stort omfang. Ei utfordring var at alderspyramiden blei skeiv med 80% born eller unge vaksne under 40 år.
Byen svall ut, særleg etter han frå 1965 blei sentrum for oljeleitinga og blei slegen saman med nabokommunane Hetland og Madla. Sidan har Randaberg vore klemt mellom byen og havet.
I løpet av 1960-åra blei også personbilar allemannseige og det blei lagt asfalt og oljegrus på vegane. Det førte byen ennå tettare på bygda, i løpet av dette tiåret blei heile Nord-Jæren arbeidsmarknad for randabergbuen. Jamvel til Sandnes var det bare ein halv times køyretur. Nå blei det også svært enkelt å svippa innom byen for å gå på kino eller ta del i møte eller annan aktivitet der.
Bykulturen kom også til bygda i form av tilflyttarar.
Det nytta ikkje å stenga dørene for bykulturen - gjennom aviser, radio og fjernsyn siva han inn over alt. Byen vaks også i Randaberg. Medan færre enn 5prosent av folket i bygda budde i tettstad kring 1945, budde kvar fjerde i 1960, helvta i 1970, to tredelar i 1970 og tre firedelar i 1990. Slik blei 1965 eit av dei viktigaste tidsskilja i Randabergs historie.