View Static Version
Loading

Tett oppfølging er ein sentral nøkkel — Deltakarane treng veldig tett oppfølging. Samfunnsøkonomisk løner det seg å investera i denne type jobb.

Hanne Nordal Stornes og Abdikarim Farah Jama var begge rettleiarar for deltakarar i prosjektet som fekk fleire i jobb sjølv om covid-19 kom på besøk. Nå deler rettleiarane nokre av sine erfaringar.

Tekst og foto: BORGHILD GUDMESTAD

Dei to rettleiarane i Randaberg hadde nok ikkje trudd at korona skulle tilføra så mykje positivt i prosjektet, men det gjorde pandemien.

— Hadde det ikkje vore for koronaen trur eg ikkje det hadde gått så bra, at så mange hadde fått jobb, fortel Hanne.

Enkelte bransjar var ikkje tilgjengelege for jobb lengre, men nye dører opna seg, blant anna i daglegvarebransjen. Fleire deltakarar fekk ein fot inn forbi her, i tillegg til reinhaldsbransjen.

Tett oppfølging

Metoden som dei brukte har uansett vore viktig i prosjektet og påverka resultatet. Tett oppfølging var tett oppfølging, der Hanne og Abdikarim var to av rettleiarane som kunne vera timesvis på arbeidsplassen for å følga deltakarane.

Noko av det som har vore ein viktig del av metoden er at rettleiarane har vore tett på deltakarane i heile prosessen. Arbeidsdagane besto av ein kombinasjon av undervisning og arbeid.

— Fortel litt meir om korleis de jobba i oppfølging?

— Det var veldig tett på i starten. Me var på arbeidsplassen kvar dag, fortel Hanne.

Dei var med og observerte deltakarane, støtta dei i arbeidet. To av rettleiarane tok kontakt med ulike bedrifter som IKEA og Scandic hotell og fann praksisplassar på to hotell, samt IKEA. Seinare blei det fleire jobbar i daglegvarebransjen og reinhaldsbransjen.

— I daglegvarebutikken var me gjerne litt med på vareoppfylling og passa på at oppgåvene blei gjort som dei skulle, fortel dei.

Undervisning på jobb

I løpet av arbeidsdagen var det undervisningsbolkar i eit par timar. Då kunne det vera undervisning i norsk, arbeidslivskunnskap og HMS, samt at deltakarar søkte på jobbar og skreiv CV.

— Dette trur eg var nyttig og dei lærte mykje av dette, seier Hanne.

Dei hadde også evalueringsmøte med arbeidsgjevarane, der nokre av arbeidsplassane også var hotell i Stavanger. Aktivt lønstilskot og mentor blei brukt for å skapa ein saumlaus overgang til arbeidslivet.

På Sola fekk ein deltakar praksis i ei systove, dette var ein deltakar med mange års erfaring som skreddar.

— Kva dukka opp undervegs av utfordringar og læring?

— Det kom nye nedstengningar under covid-19. Me måtte ta ein del telefonar. Me måtte finna nye måtar å kommunisera på då me ikkje kunne møtast fysisk. Og hadde kurs om koronareglar, seier Abdikarim.

Tomatbonde

Hanne meiner at pandemien gjorde at noko av prosjektet blei ein suksess. Som sesongarbeidet hjå ein tomatbonde på Finnøy. Det kunne ikkje koma arbeidarar inn i landet, dermed blei det ein anledning til å bruka deltakarar til dette.

Abdikarim fortel:

— Fleire deltakarar var ute på Finnøy og blei grøne i fingrane. Det blei viktig å sikra matproduksjon. Ein av deltakarane hadde bil. Dei andre sat på med han, slik kom dei seg ut der og fekk jobba. Pandemien blei som sagt positivt for prosjektet. Det blei meir reinhald. Det blei ekstra viktig å halda det reint, dermed kom det arbeidsplassar her.

Rettleiarane jobba også aktivt med å kartlegga daglegvarebutikkar der det var behov for masse folk. Dei tok kontakt med arbeidsgjevarar. Ein av deltakarane fekk jobb i daglegvarebutikk i Randaberg.

— Kva dukka opp undervegs av utfordringar og læring?

— Ein av dei største utfordringane var at det berre var to tilsette. Nokre av prosjektmedarbeidarane slutta undervegs. Då dei ikkje hadde fast stilling, då søker folk seg andre stader. Det hemma litt av kontinuiteten, mangelen på personale. Me nådde ikkje alle måla. Så me konsentrerte oss om det viktigaste. Deretter kom korona oppi alt. Noko som slett ikkje var så negativt i forhold til jobb, som tidlegare sagt.

Tar med erfaringane

Abdikarim jobbar i dag som jobbspesialist i utvida oppfølging i NAV i Stavanger.

— Korleis bruker du det du lærte i din jobbkvardag?

— Måten eg jobbar i dag er litt forlenging av det eg har gjort i prosjektet. Eg jobbar mindre med folk med språkutfordringar, men helseutfordringar som angst, vond rygg og anna uhelse. Men dette er også utfordringar. Her har eg også mykje kontakt med arbeidsgjevarar. Framgangsmåten eg jobbar på er lik sjølv om det er andre utfordringar.

Direkte kontakt med arbeidsgjevar

For Hanne sin del tenker ho annleis i jakta på jobb, der ho tar direkte kontakt med arbeidsgjevar, sel inn kandidaten og ordnar lønstilskot.

— Dette er meir fruktbart enn å søka jobb.

I tillegg prøver ho å også å følga brukarane meir opp etter at dei har fått jobb.

— Eg har veldig tru på følga tett opp, også etter at brukarane har fått jobb. Me må halda på dei vidare. Å vore ein slags jobbspesialist i teamet hadde vore topp, smiler ho.

— Kva kan andre kommunar læra av dette prosjektarbeidet?

— Metodikken me har brukt i forhold til denne brukargruppa. Deltakarane treng veldig tett oppfølging. Samfunnsøkonomisk løner det seg å investera i denne type jobb, meiner Hanne.

Abdikarim meiner det er viktig at gruppa er veldig motivert og har gode samtalar med brukarar og med arbeidsgjevar. Å vera til stades. Motivasjon blei lagt stor vekt på.

— Deltakarane blei veldig motiverte då me hadde samlingar, fekk veksla erfaringar osv., seier han.

Nokre deltakarar fekk også jobb trass i at norskkunnskapane var dårlege.

— Dei var heldige som fekk jobb trass i dårleg i norsk. Språket har vore ei utfordring, seier Hanne.

Dei er begge veldig stolte av at fleire av dei som har stått lengst frå jobb har fått jobb, til og med under korona.

— Me jobba systematisk og jobba godt saman som team, slår dei fast.