Forteljingar langs kysten - ei historisk vandring frå Hålandsvatnet til Vistnestunet.
På 1800-talet var det lite badeaktivitet på Vistesanden
Men ei plage fyrst på 1800-talet var at folk frå heile Nord-Jæren forsynte seg her med sand til husbygging. Dessutan var det nokre fattigfolk i Dusavika som henta sand for sal i Stavanger til å strø på golva. Bøndene var ikkje redde for sanden sin, men fekk vegar og marker køyrde i graps vegar og marker.
I 1850 fekk difor Sørgarden på Viste fredlyst Vistesanden.
Byfolk på tur til Randaberg tok for alvor til å gjera seg gjeldande frå 1919, ved innføringa av åttetimarsdagen. I ein artikkel om fotturar i Stavangers næraste omland i 1922, marknadsførte Stavanger turistforening si årbok mellom anna Vistesanden, som dei siste to–tre åra hadde drege til seg badande.
Viste Sjøbad A/S vart skipa i 1934
Ikkje lenge etter blei det lagt veg ned, og i 1930 søkte lokale folk om å driva kafédrift her i sesongane. Dette blei det ikkje noko av. Men våren 1934 skipa tre forretningsfolk frå Stavanger Viste Sjøbad A/S, med sikte på å tena pengar på badelivet.
Sidan kjøpte dei opp 30 dekar sandstrand og sjøline, og søkte samstundes om skjenke- og serveringsløyve. Denne søknaden løyste ut ein latent konflikt mellom gammal bygdekultur, knytt til kristenliv og fråhaldslag på den eine sida, og bykulturen knytt til idrettslaget på den andre. Saka kom opp i kommunestyret i mai i 1934. To tredelar av medlemmene i kommunestyret var imot skjenkeløyve, men for serveringsløyve.
Dei "blaude" mot dei "tørre"
Alt 1. juli 1934 blei bygget teke i bruk. Kvart år som fylgde søkte sjøbadet om skjenkerett for øl og vin, noko som førte til at motsetnadene berre kvessa seg til. Faktisk var dette det største stridsemne i bygda ved desse tider.
Utan skjenkerett strøymde folk likevel til sjøbadet, og på vårparten blei det sett opp ein ny hotellfløy. Ved kommunestyrevalet hausten 1937 stilte dei som gjekk inn for skjenkeløyve eiga liste: «Dei blaude». Det blei også lansert ei motliste: «Dei tørre». Dessutan stilte N.S. eiga liste. Det viste seg då at dei «blaude» sigra, dei fekk åtte av dei tolv kommunestyrerepresentane. Alt til fyrste møte 14. februar 1938 låg ein ny søknad frå hotellet på bordet.
Etter ein kvass debatt, blei resultatet seks mot seks røyster. Det viste seg altså at det hadde lurt seg nokre «tørre» på den «blaude» lista. Og med ordføraren si dobbeltrøyst, blei søknaden avvist. Hotellet gjekk likevel svært godt, og det blei gjennomført utvidingar både i 1938 og i 1939.
Og for bygda påverka mengda av byfolk som hotellet trekte til haldningane til bygdeungdommen, og skapte nye vaner og nye haldningar. Fyrst eit år etter krigen fekk hotellet skjenkeløyve, men då ikkje for randabergfolk.
Med krigen tok badelivet slutt, og stranda blei erstatta av piggtråd og miner.
Sjølve hotellet gav nå husrom for tyske marinesoldatar og okkupantane oppretta kontor her. Under krigen sette tyskarane opp mønetak og bygde også eit brakkeanneks. Men samstundes sleit dei på bygningane, og etter krigen laut det til omfattande vølingsarbeid.
Ole Schrøder overtok hotellet i 1973
Dei fyrste tiåra etter krigen dreiv Victoria-kjeda hotellet. Det gjekk litt halvt om halvt: Sesongen var kort og ein makta ikkje å lokka til seg utanlandske turistar. Nyttår 1973 kjøpte Ole Schrøder hotellet, for å satsa på kurs- og møteverksemd og å gå over til heilårsdrift.
Han gjennomførte ei omfattande modernisering, og drifta naut nå godt av at oljealderen gjorde seg gjeldande i distriktet. I 1980-åra la oljeselskapa beslag på mykje av sengekapasiteten. Og nå var det skjenkerett jamvel for brennevin.
Elles kan det nemnast at ut ved Vistesaen rann bekken frå Goadalen. Her hadde bøndene på Goa sidan 1600-talet ein stor stem ved Kvednabergje for kvernene sine straks nedanfor.