Følg løypa vår over Dombåshaugen, gjennom skog og over bekk, og vidare ned til elva. På vegen vil du finne ti stolpar med qr-koder. Kodane tek deg med til spennande historier og møte med menneske som har trakka opp stigar før oss. Du treff på hulder og tjuvar, drapsmenn og astronomar, språkgeni og gamle samfunnssystem. Du kan gå deler av løypa, eller heile, og det er mogleg å velge ulike ruter til eller frå, slik at du kan få ei fin runde. Det kan vere lurt å ha med seg hovudtelefonar på turen. Vi vonar de får ein fin tur og mange fine opplevingar.
Gå i spora til dei som var før oss, og sank historier med biblioteket.
Stolpane er designa av elevar ved Hjerleid handverskole, og har tematisk utforming. Takk til Sveinn-Tore Nyhus Sætrom, Åse Ragnhild Øvreness, Amund Flaten Svisdal, Bjørn-Oskar Rønning, Steffen Gullbrå og Guston Høie. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket og Sparebankstiftinga.
Se kart på UT.no.
Vegbeskriving.
- Start bak Dovre ungdomsskule og følg nedre stig over Dombåshaugen ved å gå over den gamle handballbana. Her vil du finne første stolpe.
- Når stigen møter ein breiare veg, tek du ein liten avstikkar oppover for å finne stolpe to.
- Så går du ned att til du kjem til bilvegen der du svingar til venstre. Etter ca. 200 meter går du vegen ned til høgre merka Brennøygardsvegen. Her ser du stolpe tre.
- Hald fram til Brennøygarsvegen tek av til høgre. I krysset her finn du stolpe fire.
- Følg vegen inn til høgre til det går ein blåmerka stig ned på venstre hand. Følg stigen, og du kjem snart til stolpe fem.
- Her deler stigen seg, men du følger dei blå merka til høgre. Når du kjem til ei lysning finn du stolpe seks.
- Hald fram ned bakken til du kjem til to bruar. Rett etter den andre brua tek du stigen inn til venstre. Så går du over ei bru til, og tek til høgre ved turmerkinga. No finn du straks stolpe sju.
- Ta skogsvegen til venstre og følg den til den kjem inn på ein litt breiare veg. Her finn du stolpe åtte.
- Følg vegen ned til venstre for å finne stolpe ni.
- Gå vidare ned til elva og bålplassen, her er siste stolpe.
Ynskjer du å gå ei runde, kan du enten gå opp att vegen du kom, utan å ta inn på stigen til høgre, og vidare opp til E136 ved Jora bru, eller følge fiskestien vidare langs elva slik at du kjem opp att til sentrum frå sørsida.
Stolpe 1 6896429N 192844Ø, Stolpe 2 6896420N 192683Ø, Stolpe 3 6896369N 192360Ø, Stolpe 4 6896417N 191990Ø, Stolpe 5 6896518N 191597Ø, Stolpe 6 6896530N 191437Ø, Stolpe 7 6896662N 191188Ø, Stolpe 8 6896800N 191001Ø, Stolpe 9 6896778N 190899Ø, Stolpe 10 6896428N 190715Ø
Har du spørsmål eller kommentarar til løypa, ta gjerne kontakt med biblioteket på e-post folkebiblioteket@dovre.kommune.no eller telefon 612 42 069.