Fembarnsmora Zina tok saka i eigne hender og fann praksis på kaffibaren Hey Honey i Gjesdal.
Tekst og foto: BORGHILD GUDMESTAD.
— Eg trivst veldig godt, liker å møta ulike folk og vera sosial. Dette er ein fin stad, fortel kurdisk-syriske Zina Jinouz bak kaffibaren Hey Honey på Amfi Ålgård.
Dagleg leiar for kaffibaren, Marit Kommedal, blei Zina kjent med gjennom ei dansegruppe i Gjesdal. Kontakten der blei vidare sommarjobb der Zina tok initiativet til dette, og i fjor fekk ho fast jobb i 70 prosent stilling. Nå ordnar Zina til det meste i kaffibaren.
— Heil ved
Marit er svært tilfreds med tilsetninga av Zina.
— Ho er heil ved, og passar inn her. Eg visste også at me hadde god kjemi, og at Zina hadde dei personlege eigenskapane som trengst på ein slik plass. Zina er ei ressurssterk dame med dei rette verdiane, smiler ho.
Zina på si side rosar kollegane sine.
— Dei er veldig fine, dei hjelper meg om det er noko, seier kvinna som sjølv fann sin eigen arbeidsplass.
Arbeidsmiljøet skal vera godt.
— Me skal trivast her. Det har alt å seia, seier Marit.
Når nokon spør barna mine kva eg gjer så kan dei seia at eg jobbar (Zina).
Rosar NAV
Marit rosar samarbeidet med NAV.
— Rettleiar Odd Kåre gav masse opplæring. Då lærte også Zina raskare. Dei gjekk grundig gjennom mykje av det elementære som ein må kunne her. Då lærte Zina språket raskt.
Zina øver seg også på dialekt.
— Ja, det må også til. Så ho lærer også det, fortel Marit.
Nå tar også Zina vakter åleine i kaffibaren på Ålgård.
Marit er også opptatt av at ho som arbeidsgjevar skal forplikta seg.
— Det er eit samfunnsansvar å stilla opp. Me er heldige, seier Marit.
Rettleiar ved NAV Gjesdal, Odd Kåre Aasheim, rosar Hey Honey for måten dei har følgt opp Zina på:
— Det har vore veldig hyggeleg å jobba saman med Marit, og det å reisa ut på ein arbeidsplass som Hey Honey å driva med arbeidsoppfølging har vore veldig lærerikt og triveleg.
Det er travelt på kaffibar.
— Ting skjer veldig fort, samtidig skal ein ha eit smil. Marit er ein person som eg opplever bryr seg om sine tilsette og er opptatt av samfunnsansvaret. Ho er alltid tilgjengeleg, forståingsfull, fleksibel i samarbeidet. Zina har vore utruleg og veldig kjekk å følga opp. Ho er flink!
For Zina er det viktig å bidra i samfunnet, tena eigne pengar.
— Når nokon spør barna mine kva eg gjer så kan dei seia at eg jobbar.